Ved sikring av område for friluftsliv skaffar stat eller kommune seg rådvelde over eigedomar ved kjøp eller avtale om varig bruksrett. I Rogaland er pr. 1. januar 2007 sikra fleire hundre større og mindre eigedomar for allmenta. Etter kvart som kampen om areala aukar, vert sikring av område for allmenta endå viktigare.
FINK
Naturen i Rogaland er pressa frå mange kantar. Det er stort aktivitetsnivå både i sentrale strok i utkantane. Eksempel er hus- og hyttebygging, kraftutbygging, nye vegar, industri, akvakultur, nydyrking og skoghogst.
For bedtre å kunne argumentera for dei mjuke samfunnsverdiane har Rogaland fylkeskommune fått laga ein fylkesdelplan som dokumenterer og synleggjer dei viktigaste verdiane innanfor friluftsliv, idrett, natur og kulturvern (FINK). Dette er ein eineståande plan i nasjonal samanheng. Nå er det opp til kommunane å nytte han i si lokale planlegging.
Regionale miljømål
- Innbyggjarane i byar og større tettstader skal ha tilgang til minst 3 km samanhengande turveg i naturprega område innafor 500 m frå bustaden.
-
Gje folk - også i dei mest folkerike delane av fylket - høve til friluftsliv i lite tilrettelagde område med høge natur- og kulturlandskapskvalitetar.
-
Auka høve og kjennskapen til å nå regionale turmål utan bruk av bil.
-
Sikre og opparbeide eit regionalt nettverk av naturhamner.Sikre leikenatur i nærmiljøet ved ny bustadutbyggjing og ta vare på / gjenskape leikenatur i etablerte bustadområde. Alle nye bustadområde skal ha "100-meterskogar", kor barn trygt skal kunne leike og finne utfordringar.
-
Halde fram arbeidet med å betre høve til jakt og fiske, i nært samarbeid med kommunane.
-
Alle som vil fiske laks, sjøaure og innlandsfisk i Rogaland skal ha høve til det på stader det er sannsynleg å fange fisk.
-
Fiskereglane skal vere enkle og ikkje ekskludere nokre grupper av fiskarar.